Organisering av garn

IMG_9562
Nå er eg skikkelig inne i ryddemodus, etter nokre kapittel av boka Synnøves system så kjenner eg meg gira til å få full oversikt og orden. For det å få baby gjev ein domino-effekt i huset. Mitt kjære hobbyrom skal ryddas vekk til fordel for babysaker og då må eg finne ein god langsiktig løysning på korleis garnet mitt kan lagras fint og ryddig. Resten av hobbysakene mine må eg vurdere etter kor hyppig det blir bruka og korleis eg kan lagre det. Har eg lært ein ting av ryddedamene Synnøve Skarbø og Marie Kondo så er det at ein må rydde etter kategori og ikkje rom, for elles kan det fort bli halvhjerta. Så derfor tek eg føre meg garnlageret mitt fyrst og deretter andre ting. Eg har skrive innlegg om dette tidligare, – og kjem sikkert til å gjere det igjen men her er det førre innlegget om garn-organisering (Ganske nøyaktig eit år sidan).
IMG_9564Eg har garnet mitt lagra jamt over heile huset og i fleire rom, eg ser at det ikkje er så praktisk. Eg har garn i tv-benken, ein full bed-roller med øydelagde hjul, hyller, korger, handlenett og dekorative boksar med garn. Eg merkar at eg har ikkje så god oversikt som eg skulle ynskje. Eg manglar oversikt og system over kva eg faktisk har av garn.
IMG_9577Fyrst måtte eg samle saman alt eg har av garn for å få meg eit overblikk. Eg har ein god miks av alt, effektgarn, merino, ull, til store prosjekt og til små prosjekt. Det er mykje som eg har samla på i mange år og som eg aldri kjem til å sakne om det forsvinn. Derfor fylte eg ein papirpose med restegarn og heile nøste som eg aldri kom til å bruke. Innimellom kjente eg at det gjorde litt vondt, for eg har stor affeksjonsverdi til garnet mitt, men eg var i modus så eg berre haldt fram. Når eg hadde fylt posen med garn så måtte eg bare få det ut av huset med eingong, for av erfaring veit eg at eg kan angre meg litt og ta noko tilbake, sjølv om eg ikkje har planer med det. Eg gav det vekk til SFO, dei blei glade og eg blei letta, så det var heilt klart vinn-vinn. Ana garn som var til genserar og var heilt og fint bestemte eg meg for å prøve å selje, ein låg pris og ti minuttar seinare var det selt. Fantastisk!
IMG_9636Etter å ha kvitta meg med så mykje garn så følte eg meg ganske flink, litt skrekkslagen men flink. Då byrja eg å rydde alt i korgstativ, på den måten er det lett tilgjengelig og godt synlig. Eg organiserte garnet i merinoull, babyull og ull og alpakka. Det eg har spart på er heile nøste, og garn som kan strikkas på pinnestørrelse 2,5  – 4. Eg har allereie lagt opp til ei lita kufte frå lagergarnet og det kjem eg til å halde fram med.
IMG_9625
IMG_9660
Slik blei resultatet etter min ryddesjau, eg er så nøgd med korleis det blei. Enkelt og oversiktelig, og viss eg skal sjå på garn frå ein kategori så er det berre å ta med ei korg og kikke gjennom. Eg elskar det og skal verkeleg gjere alt for at dette systemet ikkje blir øydelagt eller nedprioritert. Fram til eg får min eigen draum oppfylt med eit hobbyrom med innebygde spesiallaga garnhyller og eit stort sybord og alle oppskriftene mine sortert, så brukar eg hjørnet på soverommet mitt til garnlagring. Håpar dette var til inspirasjon!

 

2 thoughts on “Organisering av garn

  1. Kjenner meg igjen! Deilig å få orden i huset før/når baby kommer. Fint å gå bort det en ikke bruker eller trenger til SFO, her har jeg pleid å gi både til barnehagen og Fretex.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s