Uforama

Me er berre to veker inn i det nye året og eg har endelig fått ferdig to ufoar som har ligge og irritert meg i lang tid. Eg har nesten ikkje ord for kor godt det kjennes å kunne legge desse genserane vekk og finne fram noko nytt og spennande. Og kva har eg lært av dette? Jo, vere kritisk over prosjekt eg startar på og lese oppskriftar meir nøye. For i alle fall den brune genseren, sukk* den har vore med på å påverka ei strikketørke.
IMG_9597
Her er den fyrste genseren som eg har strikka til mannen min og eg skulle gjerne ha starta på ein enklare genser, men gjort er gjort. Det er Aran-mønstra genser som er henta ifrå KK strikk nr. 2 haust 2016. Garnet er frå gjestal og heiter Bambus Soft, ikkje eit garn som eignar seg til ein varm genser men meir som ein kvardagsgenser. Garnet er ganske glatt, og eg trur mønsteret hadde blitt finare i eit grovare ullgarn. Likevel så er eg ikkje flink til å bytte ut garn frå oppskriftar og brukar stort sett det som står. Eg har litt blanda kjensler til genseren, heilt ærlig, men nestegong skal han få ein meir tradisjonell ullgenser det er sikkert. Eg skal likevel vere stolt av meg sjølv at eg fullførte, ein personlig seier med ein såpass krevjande genser.
IMG_9592

Så til Sondregenseren. Dette var i utgangspunktet ikkje eit så stort prosjekt, handlar meir om manglande disiplin til å fullføre. Når eg tok for meg genseren så var eg ferdig på to kveldar så her kan eg ikkje skulde på nokon andre enn meg sjølv. Den er litt stygt sydd saman under armane og ikkje heilt feilfri, men akkurat nå er eg fornøgd. Den er strikka i størrelse 2 år, så blir ei stund til den blir bruka. Veldig morosamt mønster, ein fryd!
IMG_9602
Så då er eg i gang med ufo-strikkinga, endelig. Det som er det flauaste er kor kort tid det tek, nokre kveldar og vips så er det berre å sy i trådar. Eg er i alle fall utrulig nøgd med alt eg klarer å bli ferdig med og alt eg klarer å bruke opp av garn. Eg kjenner at eg blir meir inspirert og mindre frustrert når det er system. Nå må eg berre halde fram med uforama og ta ein og ein prosjektbag som ligg nede i boden. Der er det både gull og fiasko som har støva ned i lang tid.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s