Mine nyttårsforsett

Eit nytt år og ein ny start. Dette året blir nok endå eit flott år, kanskje ikkje så travelt som 2017 men minst like bra. I fjor hadde eg nokre strikkenyttårsforsett, men i år vil eg ha ei blanding sidan det er ikkje sikkert at det er strikking som blir høgst prioritert i året som kjem. Eg ser i alle fall fram til å sjå kva dette året vil bringe og vil gjerne ha bloggen med meg vidare.

Mine nyttårsforsett for 2018

– Bli strengare med sløsing. Dette handlar sjølvsagt om økonomi, for her kan eg skjerpe meg utan å lide for mykje. Eg ser at eg sløsar ein del, kjøper garn, magasiner, blomar, har høgt matbudsjett (kan kanskje redusere noko?), interiørnips og andre ting som eg strengt talt ikkje treng. Eg har lett for å la følelsane styre lommeboka og eg ser at små summar blir ein god del over tid. Nå må eg tenkje meir over kva me faktisk treng og har bruk for, tenkje over kva som blir «husfyll» og kva som er nyttig. Sparing blir framleis prioritert, men nå vil eg og spare til ting me kjem til å trenge.IMG_9520

– Rydde meg lykkelig. Eg ynskjer å ha gode system med tanke på ein travel kvardag. Eit godt system for klesvask, ein oversikt over garnet mitt og eit system over barneklede og utstyr. Eg vil bruke opp garn, strikke ferdig ting eg har byrja på og bli meir strukturert når det kjem til hobbyen min. Eg ynskjer ikkje at barneting skal overta heile huset, eg må ha gode oppbevaringsmoglegheiter og pakke vekk ting som ikkje blir bruka. Eg skal kvitte meg med ting, gi bort og hive det eg ikkje treng. Bruke opp matvarer regelmessig  både i frysaren og i tørrvarelageret. Planlegge middagar og ete opp restemat. Rydding gjev meg ein lykkekjensle, for då kjenner eg at kvardagen går som ein leik.
IMG_9524

– Ta ting som det kjem. Eg veit ikkje korleis den nye kvardagen blir med baby og rutinar, men eg tenkjer at det er viktig å ta ting som det kjem. Ikkje ha for høge krav til meg sjølv, sove når eg kan og bare nyte den fine tida. Økonomi og system er viktig for meg, men det viktigaste er familien vår akkurat nå, så då kjem alt ana i andre rekke.
IMG_9516
Kva er dine nyttårsforsett for 2018?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s