Hageprat

20170719_104936.jpgNå er det tid for litt hageprat igjen, for nå er det ei stund sidan seist. I fjor la eg tulipanlauk i jorda før frosten kom, og i vår venta eg spent. Det var vel på den tida me måla huset, i mai trur eg. Då såg eg nokre grøne blader med ein liten knopp. Eg venta spent og tålmodig, like før tulipanen var i ferd med å blomstre så såg eg at eit dyr hadde ete heile blomsten.. Eg blei så skuffa, og mistanken gjekk fort til Simba. Nå i ettertid er eg ikkje så sikkert på at det var Simba som åt dei opp, eg mistenker rådyra. Slik kan det gå.
20160917_131021
Det er slik det er med hagen, ein puttar noko i jorda, bygger opp spenninga og håpar at det veks seg fint og frodig. Og viss det går bra så blir ein heilt i ekstase og går det dårlig vil ein berre gløyme heile nederlaget. Hage altså, at det kan vere så moro og så engasjerande! 20170718_095216.jpg20170718_094122.jpg
Bak dei søte dyra er den fine rosebusken. Den byrja å blomstre tre dagar før bryllaupet, eg blei såg glad då eg oppdaga det. 20170718_101725.jpg
20170718_094738
Rosebusk eller ei, nokon må jobbe i slåtten og. Flinke arbeidskarar.
20170718_100529.jpg
Eg har fleire planer for hagen i åra som kjem, dette året har eg mest luka og haldt ugras vekk. Eg har planta ein bærbusk og har fått eit steinbedd som eg skal planlegge. Høgt på ynskjelista stend eit drivhus, men me får sjå. Hengekøye er og høgt prioritert, men det er til avslapping. Eg blir så inspirert av hageblader og særlig Hagen min på NRK. Det er så mykje fint folk får til, uansett klima. Ein får til det ein vil.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s