Vlog favorittar

I går måla eg peisen i det nye huset med kalkmåling, moro og måle på kryss og tvers men litt nervepirrande og. Det er liksom ikkje eit tema eingong og måle peisen igjen, det får berre bli bra på fyrste forsøk. Eg er utrulig spent på korleis den røffe peisen blir inntil eit klassisk kjøken og ei luftig stoge. Når me har kome lengre med huset så skal eg vise det meir fram, men det er ikkje så spennande med isolasjon og verktøy. Eg fram mot ljosare tider og framgangen med huset.
16736139_10154109035370836_436703775_n.jpg
Nå vil eg skrive litt om vlog, om strikke-vlog som er populært for tida. Eg byrja å kikke på vlog i joleferien min og har fått heilt dilla på dette. Tidligare har eg berre bruka youtube for å sjå framgangsmåtar på ulike strikketeknikkar, men nå har det jo kome noko enda meir spennande for dei som er slik som meg, strikke-tullerusk. Strikke-vlog er jo så moro, eg likar desse berre så godt. Då kan ein ta fram strikketøyet, og sjå ei episode når det passar, det er så koselig. Det finnes mange fleire enn dei eg nemner, men det er jo ein start så kan ein leite seg fram i eit hav av fine podkastar. Det er nok mykje bra som eg ikkje veit om enda, har du nokre tips så skriv det i kommentarfeltet.
IMG_9262.JPG

Mine vlog favorittar

strikkk
Strikketerapi
https://www.youtube.com/channel/UCVdgDjwEoP2yJHpNLGENc9Q
Kristin driv bloggen einkopptetakk og den populære instagram-kontoen med sama namn. Ho er kjempesjarmerande og inspirerande og eig eit hav av sjøgrønt garn. Episodane hennar er innhaldsrike og varierte og det beste av alt; ho snakkar norsk i episodane og derfor blir det naturleg og personleg. Kvar gong eg ser ei episode så vil eg berre starte på eit nytt prosjekt og handle eksklusivt og mjukt garn. Dette er min absolutte favoritt podkastar. Ein får lyst på alt ho viser fram, godt at ho har garnstopp i ny og ne. 🙂

Koselig-bilde-av-Thea-og-Mette-rektangulært-e1469976169711.jpg
Topinner.no https://www.youtube.com/channel/UCN8UctAalR4TjAC05Tbdong
Thea og Mette er to kjempeflinke podkasterar som visar fram teknikkar, intervjuar strikkedesignerar og har innhaldsrike videoar. Eg likar desse damene kjempe godt, og er sjølvsagt glad for at dei snakkar norsk. Ein merkar godt kor genuint glad i strikking dei er og engasjementet smittar over. Desse går meir grundig inn i emne som dei har om, og derfor lærer ein mykje i kvar episode. Den siste episoden eg såg så lærte eg ein ny fin måte og felle til raglan og det er ein teknikk som eg kjem til å lære meg.

vl.png
Thelittletailoress https://www.youtube.com/channel/UCU-ncF_kQ52d9JBGBLky0Bg
Her kjem ein vlog som eg nylig kom over som eg likar kjempe godt. Ami er engelsktalande og bur i landlige omgivnadar i UK. Ho har ein romantisk og dus stil som eg likar godt og ho er sprudlande og energisk. Ho deler ei episode inn i emne, fyrste del er om strikking og andre del er om sying noko som gjer det ryddig og oversiktelig. Eg blir så inspirert av dei enkle fine sy-prosjekta hennar, det klør etter å investere i ei symaskin og melde meg på sykurs. Eg har så lyst til å lære meg å sy. Eg likar godt at ho har ein gjennomført stil og legg ut videoar jamleg.
madevik.png
Madevik Podkast https://www.youtube.com/channel/UCIxTCVOVpF3VMQvrYHAXCIw
Karin er svensk, bur i Norge og snakkar engelsk i podkastane sine. Ho har ikkje lagt ut så mange episodar endå, men dei som ligg ute likar eg godt. Det som eg synes er spennande er at ho handfargar garn og ho sel så mykje fint på etsy. Eg trur eg må bestiller nokre hesper fordi ljose glade fargar er det eg har lyst på akkurat nå. Eg likar Karin kjempe godt og synes at ho har gode og inspirerande episodar. Det er spennande og følgje med!

Det var alt eg hadde, eg håpar at eg kan finne enda fleire flinke podkastar som eg kan følgje. Ein blir så inspirert og glad for at folk deler erfaring og kunnskap.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s