Organisering: Garn

Eg har eit stort ynskje om å organisere garn som i ein garnbutikk, både praktisk og dekorativt. Tenk så morosamt og hatt ein «garnbutikk» heime, å bli inspirert og ha masse flott garn lett tilgjengelig. Det har eg dessverre ikkje hatt plass til enda, så derfor blir garnet mitt lagra i skuffar, korger, kasser og i stort sett alt eg har av oppbevaringsmoglegheiter. Eg mistar fort oversikt, det er garn her som eg har hatt i mange år og mykje nytt. Eg tek ein ryddesjau ein gong i blant, eg har eit hav av påbyrja nøste, i alle slags kvalitetar, litt av alt. Når det blir slik, så blir det nesten for mykje av det gode, eg synes det er vanskelig både med orden og oversikt med slike mengder.

DSC_2773 (2)

Derfor vil eg skrive ein ryddeguide, med tips og råd ein kan nytte seg av. Viss du har fleire gode tips så skriv det gjerne i ein kommentar.

– Etter å ha lest boka til Maria Kondo er det ein ting eg har lært; kvitt deg med det du ikkje treng. Sjølv om ein har planer om å strikke lappeteppe eller hønsestrikk så er det ikkje det du gidder å gjere mest av. Gje burt garn til for eksempel barnehage eller skulefritidsordning, då kan du ha god samvit for at det kjem til nytte hjå nokon andre.

– Legg inn garnet ditt på Ravelry. Det har tatt litt tid før eg har forstått kor genial denne kjente strikke- og heklenettsida er! Ein kan lagre pågåande prosjekt, kva garn ein har og legge inn fullførte prosjekt. Eg synes det er ein genial og enkel måte og til ein kvar tid ha full oversikt over garnlageret. Då finn ein og forslag på kva ein kan bruke garnet på. Dette er jo genialt og litt sært på sama tid. Ein personleg garn-database!

0976e6466592caaa962c67dca4500b88.jpg
Bilete frå pinterest. https://no.pinterest.com/pin/509399407835886972/

– Organsiser garnet etter kvalitet. Samle alt sokkegarnet ein stad, alt babygarnet og finullgarnet. Merk det godt og spar på magebanda slik at du lett finn det att.

– Kjøp dekorative korger og kasser, det er så koselig å ha nytt garn framme og tilgjengelig. Eg synes det finaste er å ta dei sama fargenyansar saman i ei kasse eller korg.

– Det garnet som du vel å behalde må du ha ein plan med. Skriv opp ei liste over kva du vil bruke restgarnet ditt på. Ver realistisk og ta minst eit prosjekt i månaden som du tek frå lageret ditt.

– Pågåande prosjekt er fint å ha i prosjektbaggar, då har du alt du treng til det prosjektet samla på ein stad. Då er det lett å ta det opp igjen viss andre ting har kome før i strikkekøen, som det oftast gjer.

strikk.png
Og når ein har vore flink til å fullført prosjekt, har god oversikt over kva ein har av babyull, sokkegarn også vidare. Då meiner eg at ein kan kjøpe seg nytt og flott garn som ein kan glede seg over. Det er ein evig runddans, men å lage seg eit system trur eg er veldig lurt når ein er litt slik.. Garn-tullerusk.

One thought on “Organisering: Garn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s