Simba 1 år

Tenk at det allereie er eitt år sidan vår vesle hund vart fødd. Sidan den gong har han øydelagt fleire par sko, gått laus på potteplaner og stikke av med garnnøste. Det er sjølvsagt nesten uendelig med frustrasjonar å ha valp, men og så mange gleder. Eg kjenner meg heldig og stolt som har han som familiemedlem. For Simba er ein lydig, snill og rolig hund som elskar å vere i sentrum hjå menneske han kjenner men kan bli usikker blant fremmende. Han er elskverdig og oppfører seg av og til som eit lite barn. Pascalpus er sjølvsagt sjefen og sett grenser for han, men dei er bestevenner likevel.

Simba 1 år (7 of 7).jpg
Simba er utrulig glad i mat, og han vil aller helst ha alt det som me et. Sjølvsagt får han ikkje det, det kan skje at han får middagsrestar eller liknande, men stort sett går det i tørrfôr. Når Simba i dag fylte sitt fyrste år, måtte me nesten gjera litt stas på han. Eg kjøpte ei pakke med middagspylser og hang dei opp i treet. Han forsto god tid i førevegen at noko spennande ville skje, trur nok han merka at me var like spente som han.

SITT – BLI – VERSEGOD !

simba-1-ar-6-of-7simba-1-ar-5-of-7simba-1-ar-3-of-7simba-1-ar-2-of-7simba-1-ar-4-of-7
Etterpå var han stappmett, men likevel tok han med seg den siste pylsa heim. Trur han sparte den til kveldsmat. Utrulig moro med bursdag, Gratulerer med dagen Simba vår!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s