Sjå her! Nå vil eg vise fram kva eg strikkar på for tida. Merkar at eg blir glad for lett og svalt garn i naturfargar. Akkurat nå held eg på med Catriona-jakke frå Sandnes garn, hefte 1606, Sommer barn. Oppskrift og garn vant eg på ein Instagram konkurranse, så det er kjempe morosamt!
Eg har fleire ullgenserar og varme plagg som eg har lagt til side framfor lin, bomull og andre lette kvalitetar. Eg er klar for sommar og varme dagar, då blir det litt slik.
Det blir nok ein strikke-sondag i dag, på tide å legge føtene høgt og sette på ein fengande Tv-serie. Alle pratar jo om SKAM, kanskje eg får sette på det? 🙂
Ha ein fin sondag, om du strikkar eller ei!