Vaniljesnittar

I dag tidlig vakna eg ikkje av at Pascal gjekk på ansiktet mitt på veg til vindauget, men av at regnet slo mot ruta så kraftig at eg ikkje kunne unngå å høyre det. Eit teikn på at hausten er på veg, litt vemodig men og noko som eg har sett fram til. For denne hausten byrjar eg i ny jobb og blir til tider travel men eg vil framleis halde fram med bloggen. For så lenge eg får glede av å blogge og kjenner at eg får bruka kreativiteten min så vil eg bruke denne plattforma. Dette har vore ein hobby eg har hatt i nokre år nå,  og sjølv om det er stille her i periodar så kjem eg plutselig tilbake med eit innlegg att. I dag sendte eg ut sambuaren for å kjøpe vaniljekrem og friske jordbær, ganske vellukka, sett bort i frå at jordbæra var ganske mygla, det er vel litt sjarm i det og. 😉

Nå skal eg dele oppskrift på nokre godsaker som ein gjerne kan bake på regnværsdagar. For gjærbakst er noko av det koseligaste ein kan bake, då har ein tid til å strikke eller lese bok når deigen hevar. Her kjem oppskrift på Vaniljesnittar som henta frå bloggen til Anne Brith.

kake-17

Vaniljesnittar

Du treng:

– Vaniljekrem, oppskrift på ekte vaniljekrem finn du her.

– Søt grunndeig.

– Friske bær eller syltetøy. (Eg bruka friske, men etter steiketida ser det ut som syltetøy uansett)

kake-1

Oppskrift på søt grunndeig:

150 gram smør
5 dl mjølk
50 gram gjær
1/2 ts salt
100 gram sukker
1 ts kardemomme
15 dl kveitemjøl.

Varm opp smør og mjølk til 37 grader, ha gjær i ein bakebolle, tilsett mjølk- og smørblandinga. Tilsett salt, kardemomme og sukker, ha i kveitemjøl til deigen blir fast og smidig.
La deigen heve i 20 – 30 minuttar. Ta mjøl på bakebordet og elt deigen, del opp i mindre emnet. kjevle deigen flat.

kake-4

Her bruka eg linjal og ein skrap kniv, emnet skal vere 10 x 10 cm og lag eit snitt inn mot midten.
kake-8

Brett den eine spissen på langsida inn mot midten, og ta annakvar spiss slik at dei ser ut som på bilete over. Eg bruka litt tid på å få det til, men blei nøgd med resultatet.

kake-12

Ha vaniljekremen i ein sprøytepose, ha passe mengde på kvar og ta på jordbæret.

Sett på steikeomnen på 200 grader. La snittane etterheve i 20 minuttar. Steik vaniljesnittane i cirka 10 minuttar.
Legg dei på ei rist til avkjøling.

kake-23

kake-29

Skikkelige godsaker, burde prøvas. Ha ein fortsatt fin regnværsdag!

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s