Gjenbruksskattar

Eg er stadig vekk innom på bruktbutikkar, men likevel er det sjeldan eg finn noko som eg verkelig har lyst på. Gleda var derfor stor då eg kom over eit vakkert kaffiservise med stråmønster. Eg fekk serviset for ein hundrelapp og var utrulig nøgd med det, det er eit servise som eg gjerne vil ha i ei tallerkenhylle slik at eg kan vise det fram heile tida. Dei fleste delane var heile og fine, dei delane som hadde hakk og sprekt opp tenkte eg å bruke til dekorasjon.

Gamalt-1

Eg kom og over den blomstrete vasen, den fekk eg for femten kroner. Det er litt risikabelt med glasdekorasjon sidan me har vesle Pascalpus som øydelegg ting eg er glad i, men eg får plassere den ein stad der han ikkje får velta den. I ein tikroners-korg fant eg desse fire bileta. Eg synes dei var utrulig fine, passa fint til den nymåla gangen vår. Eg vurderer å måle rammene, men er litt usikker om eg skal gjere det eller ei. Eg synes dei er fine slik som dei er, men tenkte at viss eg måla rammene ville bileta koma tydeligare fram.

Kva meinar du? Måle eller ikkje?

Gamalt-3

Eg gledar meg utrulig mykje til å få bruka det fine som eg har kjøpt, håpar at eg får stor glede av mine gjenbruksskattar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s