Hei 😀
Eg er så glad, for ei stund nå har tanteprinsen min prøva å sagt «tante», men så har det vore for likt «traktor» så me har vore så i tvil om kva han har meint. I dag når eg henta han i barnehagen sa han plutselig «tante» klart og tydelig, å då var eg ikkje i minste tvil! 😀 Eg er så stolt og glad, det er så moro å vera tante, den beste jobben ein kan ha!
På fredag startar påskeferien, det blir utrulig koselig, eg har allereie kjøpt inn kryssordblad og kvikk lunsj så nå er eg klar for å ha litt fri. Eg har planer om å eta egg til frukost, så derfor hadde eg lyst til å dekorere mine eigne eggholderar. Eit lite prosjekt men veldig moro, og alt får ein kjøpt på panduro.
Eg synes resultatet blei fint, og ein artig stilmiks mellom moderne kobber og romantiske blomar.