Bursdagsfrukost

I dag er eg 24 år gamal, har ingen grå hår og berre små antydningar til sinnarynka. Eg er litt stressa angående kombinasjon studentliv og privatliv denne våren, men reiknar med det ordnar seg når eg får komi meir i gang med det eg skal. Dessutan har eg klypt vekk mitt lange lyse hår, nå har eg bob og synes det er befriande å ikkje bruke så lang tid på hårvask.

11003933_10152578307165836_1000175389_n

Eg lagde meg god frukost med juice som inneheld brokkoli, eple, ingefær, gulrot og hakka basilikum. Den blei litt besk i smaken, men likevel frisk og god. Eg kjørte ikkje basilikummen i juicemaskina, men berre kutta den opp for hånd og hadde den oppi til slutt. Det er verdt å prøve, einaste ulempa er at det blei lite juice og mykje svinn. Brokkoli er jo ikkje akkurat saftig så kanskje eg heller skulle ha bruka squash eller spinat, men må teste andre ting uansett. Så laga eg chiagrøt, tilsette biola med bringebær og venta litt til den hadde satt seg. Chiafrø er ikkje noko eg kjem til å ha fast i kjøkkenskåpet, men berre noko eg et opp før flyttinga. Så eg vil anbefale å vurdere pris før ein kjøper på helsekost, trur me godt kan nytte oss av norske råvarer.

image

I dag har eg hatt ein veldig fin bursdagsfeiring, interessant forelesning, cafe med flotte damer og middag med familiemedlem og litt strikking innimellom tek eg meg tid til. Ha ein fortsatt fin dag!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s