Førjolstida er det koseligaste synes eg, ingenting kan måle seg med baking, jolemusikk og kvalitetstid med familien. Jolegåvene starta eg tidlig med i år, og har berre noko småplukk igjen, eg gjer alt for å unngå å havne på eit kjøpesenter som er stappfullt av stressa folk. Då har eg ekstra tid til å gjera akkurat det som eg har lyst til i desembermånaden. Det passar meg fint.
Eg tenkte at eg ville vise fram Leila Hafzi jakka mi som eg strikka på i sommar. Den er strikka i perlestrikk med alpakka ull frå Sandnes garn, knappen og merket kjøpte eg på nettsida deira. Oppskriften er i Leila Hafzi kolleksjonen vol. 1.
Dette er det finaste hittil som eg har strikka, eg er utrulig stolt og tenkjer at det er ei tidlaus jakke som eg kan bruke til mykje. Mamma har montert jakka, eg veit at eg må lære det sjølv, men eg er ikkje så nøye som ho og synes derfor at det er fint og trygt når ho tek tak i det.
Ha ei fortsatt fin førjolstid!