17.mai ostekake

Eg har levert inn heimeeksamen og feirar med å legge ut oppskrift på den
gode ostekaka som eg lagde på 17.mai. Litt av ein feiring, men alt eg kan
skrive kortfattelig er ein feiring i seg sjølv.

Ingrediensar:
Botn: 
1 ss steviosa pulver
2 ss eplejuice
45 gram Cocosa (eller smør)
2 dl havregryn
1 dl valnøttar
1 dl kveitemjøl / fint speltmjøl

Slik gjer du: Rør inn steviosa ut i eplejuice, tilsett smelta
cocosa eller smør. Mal havregryn og valnøttar sammen i
ein kjøkkenmaskin. Tilsett mjøl og bland alt saman til ein deig.
Trykk deigen ned i ein 22 cm rund form og steik på 180 grader i
15 minuttar og avkjøl.

20140527-140342-50622111.jpg

Ostemassa: 

1,5 dl fløte
200 gram kremost
0,5 dl pressa sitronsaft
5 ss  (eller 2 ss) Stevia
1,2 dl mjølk
1,2 dl yoghurt
1,5 dl kokande vatn
10 plater gelatin

Legg gelantinen i kaldt vatn.
Pisk fløte, sett kjølig.
Pisk kremosten lett. Rør stevia i sitronsaften, bland dette
i osten. Tilsett mjølk og yoghurt. Løys opp gelatin i det kokande vatnet, la det avkjøle seg
litt før du tilsett det i ein tynn stråle i ostemassen. Vend inn den piska kremen og hell
det over i botnen.

Pynt med bær. Server!

20140527-140342-50622792.jpg

20140527-140341-50621383.jpg

2 thoughts on “17.mai ostekake

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s