Kjeks med oreostrø

Var litt usikker på kva eg skulle kalle dessa kjeksa som originalt heiter
«Oreo cheesecake and chocolate cookies», men blei kort og enkelt «kjeks med oreostrø».
Eg har laga ein variant av desse kjeksa tidligare som er ein slager her heime,
dei er mektige men smakfulle og spennande.

IMG_8756

I oppskriften stend det
225 gram sukker(!?), for ein liten oppskrift som nesten fyller to steikebrett,
dette synes eg hørtes altfor mykje ut sidan sjokoladen, oreostrøsselet og
philadelphia-osten er søtt! Derfor har eg berre bruka 100 gram sukker i oppskriften,
og kjeksa var framleis veldig søte, så det gjeng nok ann å kutte denne mengda
meir om ein ynskjer dette. Virkar som at mange bakeoppskriftar er henta
frå USA, sidan eg aldri finn så søte oppskrifter i norske kokebøkar.

IMG_8744
120 gram smør
160 gram philadelphia med freia sjokolade
225(100) gram sukker
1 ts sterk kaffe
180 gram mjøl
135 gram hakka sjokolade
1 pakke oreokjeks
60 gram kvitsjokolade med litt konditorfarge i.

Set omnen på 190 grader, skal steikas i 10-13 minuttar.
Del oreokjeksa, skrap av fyllet og maul det om du orkar, kjør kjeksa
fint i ein kjøkkenmaskin. Miks smør og philadelphiaosten til saman til
den blir luftig og jamn. Tilsett sukker, kaffe og mjøl. Vend inn sjokoladen med
ein slikkepott. Vend kjeks i passande størrelse i oreostrøsselet, legg på
steikebrett. Steik, avkjøl og smelt sjokoladen i vannbad med litt konditorfarge i.

IMG_8753

God helg! 🙂

Snapcat
Avsluttar med eit bilde av treningsøkta som eg hadde saman med Løve, nå er me støle
i kroppen begge to og kjem til å ta det rolig med vektene framover. 🙂
Gale kattedame! 😀 Haha!

6 thoughts on “Kjeks med oreostrø

  1. Hvor mye og ofte trener du? Og hva slags øvelser? Jeg Liker personlig best å jogge, skulle gjerne vært sterkere. Hvor høy og hvor mye veier du egentlig? Veldig pent bilde av deg forresten, synd det er så få bilder av deg. Du er jo pen 🙂 ha en fin dag videre
    Marte

    Likar

    • Det gjeng veldig i perioder, er eg i praksis eller ei stressande eksamensperiode blir det altfor lite. Til vanlig sett eg meg mål på tre-fire økter kvar veke, men det varierar. 🙂 I sommar
      har eg gått på fjellturar og trena i stua med jillian michaels dvdar.
      Eg synes det er moro med jogging, yoga, sykkel, langrenn og gruppetimer. Eg er 174 cm, men vekt er privat.

      Ha ein fin kveld 🙂 !

      Likar

  2. Likte din gammle blogg bedre, er enig i at den var mer personlig. Er så anonymt denne nye du har. Fine oppskrifter har du jo men ønske du tok flere og delte bilder av noe annet også.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s