Lakseburger

Heisann!
I dag har eg laga ein lavkarbo-rett, det som er fint
med denne livsstilen er at ein blir mett på ein heilt ana
måte med feitt og at ein legg ekstra fokus på spennande
tilbehør. Det som eg synes er negativt er alt som ein
må velge vekk, derfor er ikkje det ein livsstil som eg kan
leva med, men eg kan ha lavkarbo-middagar i blant.

Oppskrifta på hamburger»brød», fant eg på fotballfrue,
mens oppskrifta på laksen fant eg på godfisk.
Før du prøvar dette ut så vil eg presisere at
det ikkje er brød, slik som me kjenner til, men det
er ei røre basert på egg, med ein litt meir svampete konsistens.
Det smakar godt, men likevel annleis.

20130410_153000

Oppskrift på lakseburger:

Laksefilet
salat
rømme
ost
krydder

Brødet ( 6 stk )
3 egg
1/2 ts salt
1/2 ss Fiberhusk
100 gram Philadelphia
1/2 ts bakepulver
6 ss linfrø
sesamfrø
havsalt
oregano

Slik gjer du:
Skil egga, visp saman alt minus eggekvitene.
Pisk eggekvitene stive, vend dei inn i røra med
ein slikkepott. Fordel røra i seks på bakepapir,
strø over linfrø, oregano og havsalt.
Steik på 180 grader, i 15 minuttar.

Finhakk laksen, bland saman med graslauk og salt og
pepper, steik 2 minuttar på kvar sida, ha på ost til den
smeltar. Server med ein frisk salat.

20130410_152914
IMG_20130408_143417

Ryan Gosling på kjøleskåpet, looooking good! 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s