Bounty Sjokolade

Heisann!
Eg er ein håplaus livsnytar, eg elskar å kose meg med
søtsaker, likevel vil eg prøve å finne sunnare alternativ.
Eg har tidligare prøva sukrin, og eg veit at mange brukar dette,
men for meg smakte det ikkje noko godt,
eg klarer ikkje å venne meg til den kalde ettersmaken.

Derfor bestemte eg meg for å prøve stevia, som er eit ana
alternativ til sukker. Det er viktig å merke seg at stevia er
5 gonger søtare enn vanlig sukker, derfor vil overdosering
føre til ein søt-bitter ettersmak og overskygge dei andre smakane.

20130316_125604

Nå har eg laga Bounty Sjokolade, og eg synes resultatet blei
latterlig godt.. Og sunt! Om eg skal prøve å forklare sukkersmaken
vil eg sei at den er «breiare» enn vanlig sukker, den er på ein heilt ana
måte liksom. Eg bruka eldorado mørk kokesjokolade, og den er jo
litt søt, det passa godt. Mitt tips er å trekke med ein søt sjokolade
i starten, og heller trekke med dei mørkaste typane når ein har vendt
seg til den nye smaken.

Oppskrift på Bounty Sjokolade:
50 Cocosa Extra Virgin
1 ss Steviosa sukker
2 dl kokosmjølk (Evt. mjølk eller fløte)
200 gram kokosmasse

Glasur:
150 gram sjokolade
2 ss Cocosa Extra Virgin

20130316_124455

Slik gjer du:
Smelt Cocosa over svak varme og rør inn stevia, tilsett kokosmjølk.
Bland sammen med kokosmassen og sett i kjøleskap i ein time.
Form til kuler, sett på brett og i frysaren til dei er frosne.

Smelt sjokolade og cocosa i vannbad, dypp kokosbitane
ved å bruke ein pinsett eller gaffel. La dei stivne i kjøleskap.
Oppbevar i kjøleskap eller frysar.

Herlighet så godt! 😀

3 thoughts on “Bounty Sjokolade

  1. Åh, dette ser godt ut! Så flink du er 🙂 Og det hjelper jo veldig på samvittigheten at det ikke er så fryktelig usunt heller 😀 Kanskje jeg skal prøve å lage en porsjon, så har man noe å kose seg med i eksamenstiden over påske? :)) Bounty er jo så godt!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s