Sarah Bernhardt

Hei!
Nå er eg tilbake i Vinje, med familien og pusane mine.
I går laga eg  sikkert totusen(minst!) Sarah Bernardt kaker,
planen er å gi bort til besteforeldrene mine. Eg er glad for at det er
eit år til neste gong eg skal bake dessa tidskrevande kakene.
Oppskriften er ikkje vanskelig, men allikevel mykje
jobb. Eg blei ståande heile dagen for å sei det slik.
Eg legg ut den enkle oppskriften, trur det blir ca. 30-40 småkaker.

Bunn: 
250 gram malte mandlar
3,5 dl melis
3 eggekviter

Visp eggekvitene stive. Bland i melis og malte mandlar.
Bruk enten ein sprøytepose eller to skjeer til å fordele
bunnen. Eg bruka sprøytepose, når eg var ferdig tok eg
litt vatn på fingrane og dytta ned den «toppen», slik at dei fekk
ei jevn overflate.
Steik på 180 grader, i 10 minuttar. Avkjølas på rist.

sb

sb

Fyll:
200 gram meierismør 
3 dl melis
3 eggeplommer
100 gram revet sjokolade.

Bland smør, melis og eggeplommer til ein smidig krem.
Vend inn den raspet sjokoladen. Nokon brukar også å
smelte sjokolade, men her bare raspa eg.
Fordel smørkremen på kakene. La dei avkjølas før du tek på
glasuren.

sb

Glasur:
200 gram sjokolade
2 spiseskjer delfiafett

Smelt over vannbad, la det avkjølas litt før du dyppar kakene.

sb

Eg skal ikkje skryte så mykje, men dessa småkakene er så gode at ein berre får lyst
til å kaste vekk alt som heiter «skinny jeans» og badetøy.

Tenk at i dag er det 12.12.12, blir spennande å sjå kor mange som giftar seg i dag!

3 thoughts on “Sarah Bernhardt

  1. Min onkel og tante giftet seg denne dagen. De var kjærester i barndommen, fikk et barn sammen, men han ble erklært «ikke far»: Først etter tjue år treffer mor til barnet en annen av døtrene til onkel – og kjenner sin egen datter igjen i utseende på den andre datteren. Etter det har vi hatt et nytt søskenbarn, og nå: tjue år etter dette – har de giftet seg i en alder av 73 og 72. Herlig. 😀 Takk for flott oppskrift.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s