Avokadosuppe

Heisann!

På sondag såg eg på programmet Hellstøm rydder opp hjemme, eg blei både
veldig inspirert og litt tankefull etter programmet. Kva treng egentlig kroppen
vår av næring? Får me i oss det me trenger gjennom eit vanlig norsk
kosthald eller treng kroppen også tabletter og supermat for å dekke ulike behov?
Eivind Hellstrøm hadde eit godt poeng når han sa at mat handlar om
meir enn bare næring. Det handlar også mykje om gode matopplevelsar,
det å lage mat saman og det å ta til seg kunnskap og erfaring.
Eg synes konseptet supermat er spennande, men eg kjem nok aldri til
å bli fanatisk. Kosttilskudd er noko ana, her er eg nok enda meir skeptisk,
eg vil heller spise vitaminer gjennom mat, enn å ta ei pille for det eg treng.

Eg trur på god, sunn og variert mat. Så klart synes eg også mykje av det som
inngår i supermat er godt, men eg kan godt eta eit kakestykke nå og da
utan å få dårlig samvittighet. For meg handlar det om og ha sunne
vaner som ein kan leve med.

Nok om det, nå skal eg legge ut ein oppskrift på ei kald avokadosuppe, som
er både enkel og utrulig frisk og god. Det er viktig at avokadoene
du skal bruke er mjuke og ikkje for harde. Som tilbehør har eg enten
kyllingfilet, eller spinat og ruccola. Det er så godt.

Oppskriften er frå kokeboka Miss Dahl’s frodige fristelser.

Avokadosuppe

2 modne avokadoer
1 eple, utan kjerne, skrelt og kutta i bitar
2,5 dl yoghurt naturell
ei klype tørka chili
Saften av 1/2 lime
5 dl kyllingkraft
Koriander til pynt

Ha avokado, eple, yoghurt, chili og limesaft i ein blender.
Varm opp krafta for å trekke fram smaken.
Hell kraften over i blenderen og miks til ei glatt og fyldig suppe.
Sett suppa i kjøleskapet ei stund før servering.

Håpar det smakar!

2 thoughts on “Avokadosuppe

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s