Kvitlaukssmør

Hei!
Været er litt opp og ned denne sommaren, men det er berre
ein solgløtt som skal til før me tenner opp i grillen.
Då passar det uturlig godt med kvitlaukssmør på både
bakte poter eller nystekte baguetter.
Oppskriften er henta frå Skafferiets kokebok, som er ei
utrulig inspirerande og vakker bok.

Slags type smør du vil bruke er valfritt, eg likar veldig godt Brimi-smøret.
Hugs at det må vera romtemperert.

Du treng:
1 pakke med godt meierismør
3 fedd kvitlauk
1 bunt med graslauk + graslaukblomar
Friske urter (Gjerne timian, – eller det du har for handa)
Saft frå 1/2 sitron
Litt salt

Finhakk kvitlauk, graslauk og dei friske urtene, bland saman alle ingrediensane
med ein kjøkkenmaskin. Smak til, hugs at det er ein råsmak i starten, men
denne forsvinn når kvitlauken og graslauken setter seg.

Fordel smøret over eit stykke bakepapir, form til ein rull og sett
det i kjøleskap. Kan også frysas.

Såå godt!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s