Eton mess med rabarbra og jordbær

Hallo.
Eg skal ærlig innrømme at eg kjente eit stikk av skuffelse
då eg våkna opp til nok ein gråværsdag i dag, men eg
kan allikevel ikkje klage, for det er ei fin tid uansett.

I dag lagde eg ein ny variant av pavlova, som går under
namnet Eton mess, som er ein veldig typisk engelsk
sommardessert. Det er ein frisk og god dessert som er
henta frå kokeboka Miss Dahl’s frodige fristelser.

Marengs
kvitene av 3 egg
170 gram sukker
1 klype salt

Forvarm omnen til 100 grader. Pisk eggekvitene stive, tilsett sukker og salt
litt etter litt. (Meir om marengs her)
Legg marengsen i klatter på steikebrett med skjei, steik i ein time.
Då er dei perfekte seige inni, men sprø utanpå.

Rabarbrakompott
200 gram rabarbra
2 ss sukker
1 ts ekte vaniljesukker
1 ts rosevatn
1 dl vatn

Kok opp vatnet i ein kjele saman med sukkeret og tilsett rabarbraen når
det begynnar å boble. La det koke i 5 minuttar, tilsett rosevatnet. Avkjøl.

Pisk krem, kutt opp jordbær, rist mandelflak i ein tørr steikepanne og
pynt med mynteblader frå hagen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s