Hei!
Dette er ein frisk og spennande kyllingrett, som passar
perfekt til varme sommardagar. Oppskriften fant eg
på Trines matblogg, ein blogg eg brukar flittig!
Då eg laga denne retten til familien, fekk eg gode tilbakemeldingar,
til og med frå veslesyster som «ikkje likar ting som ho aldri
har smakt før» – i følge ho sjølv.
Kylling
3 kyllingfileter
1-2 sitroner, safta
timian
olje
salt, pepper
Mariner kyllingfiletene i nokre timar, helst over natta.
Fetakrem
150 gram fetaost
3 spiseskeier Creme fraiche
1/2 chili
1-2 fedd kvitlauk
timian
Miks saman, spe gjerne med litt av oljen som
fetaosten ligger i, til det blir ei jevn masse.
Smak til!
Basilikumcouscous
Couscous
1/2 raudlauk
sitronsaft
frisk basilikum
cherry tomater
Tilbered couscousen som vist på pakka. Hakk lauken og fres den i ein
kjele til den blir blank. Ha i couscous, smak til med sitron, salt.
Vend inn basilikum og cherrytomater, Server med salat!
Dette ser jo kjempegodt ut! 🙂
LikarLikar
Det var utrulig godt, fekk god respons.
Enkel rett som passar også for ein student.
LikarLikar