Rabarbrapai

Rabarbra er noko av det beste me kan få
tak i her heime. Den er syrlig, frisk med ein
heilt særprega aroma. Rabarbra vekker gode minner frå
barndommen, då eg og mine sysken var på besøk
til besteforeldre og åt rabarbra dyppa i sukker, dagen lang.

 

Tertedeig:
300 gram kveitemjøl
200 gram kaldt smør
100 gram melis
1 egg

Smuldre mjøl, melis og smør i ein bolle for hånd. Tilsett egget og kna det inn
i deigen. Pakk inn deigen i plastfolie og la den kvile i kjøleskapet i minst
30 minuttar.

Forvarm omnen til 180 grader.
Kjevle ut deigen, og legg den i ei smurt paiform. Prikk deigen med ein gaffel.
Steik bunnen i 25 minuttar med tørka erter, dette gjer ein for at at deigen ikkje
skal blåse seg opp og sidene synke ned under steikning.
Sett ned omnen til 170 grader, ta ut ertane og steik i 10 minuttar – eller til den
er ferdig.

Lag ekte vaniljekrem.

Ta bunnen ut av omnen, sett gradene på 180. Fyll med vaniljekrem og
rabarbra og steik paien i 30 minuttar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s