Bringebærkake

Hei!
Her kjem oppskriften på ei kjempe god, moussekake som er pynta
med friske bær. Browniesbunnen er veldig mørk, så eg vil annbefale og
bruke ein ana oppskrift dersom du ikkje er så glad i veldig mørk sjokolade.
Oppskriften er henta frå bakebloggen passion4baking, men eg har gjort
nokre små endringar.

Browniesbunn:
115 gram smør
200 gram sukker
2 store egg
75 gram kakao
ei klype salt
1/2 ts bakepulver
Vaniljesukker
80 gram mjøl
125 gram hakka sjokolade (valgfritt)

Lag ein mise en place, som er eit fagutrykk som tyder alt på plass.
Veg opp alt du trenger og rydd benken etter kvart som du jobber.

Smelt smøret i ein kjele, tilsett sukker. Skru av varmen på plata.
Visp eggene i ein bolle, tilsett vaniljesukker, kakao, bakepulver og salt.
Ha i smørblandinga og rør godt saman. Ha i mjølet.

Vend inn sjokoladebitane.

Brun ei 20 diameter form, og steik i 25 – 30 minuttar på 180 grader.

Bringebærmousse:
200 gram bringebær
saften av 1/2 sitron
5 gelantinplater 
1 dl sukker
4 dl kremfløte

Blautlegg gelantinplatene i kaldt vatn. Varm opp bringebær,
tilsett halvarten av sukkeret. Ha i genlantinplatene og rør det godt.
Tilsett sitronsaft. Pisk kremfløte med resten av sukkeret.
Når bringebær-blandinga er avkjølt noko, vender du det
inn i kremen. Hell over i formen.

Då blir den sjåande ut slik som dette.

Rundt kaka har eg pynta med fingerkjeks som du finn oppskrift på her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s