Doughnut

Hei!
I dag blei eg frista til å prøve ut Doughnut oppskriften som eg fant
på bloggen Passion 4 baking. Doughnut kan lagas på fleire måtar,
den vanligaste måten er og frityrsteike dei, men det er også mange
som bare steiker dei vanlig i omnen.

Her kjem oppskriften:

3,5 dl mjølk
30 gram smør
150 gram sukker
1 ts vaniljesukker
1/2 ts kanel
1 klype salt
2 egg
ca 600 gram mjøl

Varm opp mjølk og smør til 40 grader. Hugs at tørrgjær tåler høgare temperatur enn ferskgjær.
Bland saman gjær og mjølkeblandinga.

Tilsett egg, salt, kanel, sukker og vanilje. Og bland dette saman.

Ha i mjølet, elt på låg hastighet til deigen slepp bollen.

La deigen heve til dobbel størrelse…

..Under klingfilm, for då held du på fuktigheten.

Kjevle ut deigen på eit bakeunderlag.

Eg brukar cookie cutters til og stikke ut doughnuts, men ein kan også bruke
glas eller lignande.

La dei etterheve, før du steiker dei på 180 grader i 10 minuttar.

Eg bruka bare vanlig melisglasur (melis, vatn, konditorfarge).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s