Pavlova med lemon curd

Hei!
På fredag hadde eg og vennina mi ein skikkelig kosekveld, med
italiensk pizza med mozarella og prosciutti, oppskriften
kjem til pizzaen kjem litt seinare.
Til dessert laga eg pavlova med lemon curd og friske
bær. Og oppskriften kjem her:

Pavlova:
3 Eggekviter
2 dl sukker
1/2 ts eddik

Pavlova er jo akkurat det sama som marengs og pikekyss, og framgangsmåten
er heilt lik. Det som er viktig når du skal lage marengs er at bollen og redskapene
du brukar er heilt reine og fri frå feitt. Ver nøye når du skiller plomma frå kvita,
der kan det lett gå galt.

Visp saman kvita til den begynnar å «skumme», tilsett eddik og sukkeret.
Metoden eg brukar for å sjå om marengsen er ferdig er eit velkjent kokketriks.
Eg tek bollen oppned over hovudet, held den seg i bollen utan og falle
ned i hovudet er den ferdig. Eg har aldri hørt om nokon som har hatt
problem med å lage marengs, etter å ha prøva denne metoden.

Sprøyt ut på bakepapiret, start på midten, rundt og avslutt med ein liten
kant. Steikas på 100 grader i ca 50 minuttar. Det er forskjell frå omn til
omn her, men hugs at dei skal tørkas og ikkje steikas.

Så over til lemor curd, som på norsk er sitronsmør.
Dette er også veldig enkelt, men det krever litt tålmodighet.

Du treng:
Saften av 2 sitroner
60 gram sukker
3 Eggeplommer
75 gram romtemerert smør

Visp saman sukkeret og eggeplommene i ein kjele, tilsett
sitronsafta. Rør over svak varme til det tyknar,
her kjem tålmodigheten godt med. Ikkje blir frista til
for høg varme, for då vil det ende opp som eggerøre.
Sett kjelen til side og rør inn smøret.
Hell over i ein bolle og sett det kjølig.

Slik blei den.
Server med friske bær og gjerne eit mynteblad (basilikum).
Hugs at både pavlova og lemon curd kan lagas i forvegen, og rett
før servering kan du legge opp desserten.
Veldig enkelt og veldig godt.

Asluttar med eit bilete av Tiger ♥ Han er så herlig !

One thought on “Pavlova med lemon curd

  1. Tilbakeping: Eton mess med rabarbra og jordbær « Vaniljehjarte

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s