Brioche med appelsinsmak

Brioche er eit herlig, fransk bakverk som er verdt og vente på.
Eg tok desse med på jentekveld og dei blei godt mottatt.
Brioche er eit smakfullt bakverk med ein frisk smak av appelsin.

Ingrediensar:
1 dl lunka vatn
50 gram gjær
2 ts sukker
1/2 dl mjølk
3 egg
7-8 dl kveitemjøl
1 dl sukker
150 gram smør
2 ss revet appelsin

Bland gjær og 2 ts sukker  i lunka vatn, la det stå i nokon minuttar.

Tilsett mjølk og egg, bland det saman med ein eltekrok.
Ha i mjøl, appelsinskall og resten av sukkeret og tilslutt smøret.
Bland saman til ei jevn og klumfri deig.

Deigen er passe når den slepp bollen, ha i meir mjøl om nødvendig.

Pensle ein bakebolle med rapsolje, og la deigen heve i ein time.

Bruk vanlig muffinsbrett, eller briocheformer. Pensle med egg. La dei etterheve
ein time.

Eg lagde også mini brioche, dei blei veldig søte.

Steikas på 180 grader, 18 minuttar på dei minste og 30 minuttar på dei største.

Etter å smaka på desse herlighetane, fekk eg utrulig lyst å seta meg på fyrste
fly til Paris. ♥

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s