Ekte vaniljekrem

Heisann!
Denne helga har eg laga ekte vaniljekrem, sidan Piano vaniljekrem sin innhaldsfortegnelse
er noko uforståleg. Natriumalginat E 401, karragenan E 407, tetranstriumdifosfat E 450 og betakaroten E 160a, står det på pakka. Eg tenkte at det ville ta like lang tid for meg og slå opp desse orda som det ville gjort og faktisk lage ekte vaniljekrem. Valget blei derfor ikkje vanskelig.

Her er oppskriften:
1 stk vaniljestang
5 dl h-mjølk
5 eggeplommer
1 dl sukker
2 ss maisenna

Del vaniljestanga på langs og skrap ut frøa.
Kok dette opp med mjølk.
Rør heile tida. Pisk saman eggeplommer, sukker og maisenna i ein bolle.
Mens du rører, tilsett eggeblandingen i mjølka.
La det få eit oppkok til det tjuknar.
Hell vaniljekremen gjennom ei sikt og la den avkjøle seg.

Her er det mange bruksområder, kakefyll, bakst eller som dessert med friske bær.
Kan vende inn piska krem for ein luftigare konsistens.

One thought on “Ekte vaniljekrem

  1. Tilbakeping: Rabarbrapai « Vaniljehjarte

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s