Hjarte-rundstykker


På fredag var eg på fagbrevutdeling, då fekk eg denne fine blomsterbuketten
av mammaen til bestevennina mi.♡ utrulig fin!

Denne gongen har eg laga veldig grove hjarte-rundstykker. Eg stakk
ut hjarta med ein pepperkakeform, det blir kjempe lekkert!

Ingredienser:
7 dl vatn
450 gram kveitemjøl
200 gram grov kveite
100 gram havrekli
200 gram sikta rug
300 gram solsikkekjerner
2 ts salt
25 gram gjær

Veg opp alle ingrediensane. Vatnet skal vera lunkent.

Bland saman alle ingrediensane. Bruk kjøkkenmaskin og kjøyr deigen på
låg hastighet i tre minuttar. Øk deretter hastigheten i seks minuttar.

La deigen heve under klingfilm i cirka 1, 5 time.

Trill rundstykker eller stikk ut hjarte.
Pensle med mjølk og strø over nokre solsikkekjerner.

La dei heve til dobbelt størrelse.

Steik midt i omnen på 180 grader i 15 – 25 minuttar. Avkjølas på rist.

2 thoughts on “Hjarte-rundstykker

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s