Bruk opp restgarn

Eg har alltid eit mål om å bruke opp restar og minke litt før eg kjøper nytt og deilig garn. Denne gongen klarte eg det ganske så fint utan at det blei ein UFO nedst i strikkehaugen. Eg blei faktisk ferdig, og då har eg litt betre samvit når eg planlegg neste strikkekaup.
DSC_2836

DSC_2829
Eg samla saman alle smånøsta som eg hadde av sandnes babyull og strikka ein stripete bukse.  Eg synes at det blei kul fargekombinasjon og ei fin bukse så dette burde gje meirsmak.

Akkurat nå planlegg eg kva eg skal strikke på i haust. Eg tenkjer både på eventuelle gåver og litt egostrikk. Eg får sjå det endar opp med. Ha ein framleis fin sundag!

Dilla på oker

Hei hei!
Etter ei lita bloggpause er det på høg tid med ein liten strikke-oppdatering.
Eg har gjort ferdig nokre prosjekt som har ligge i UFO-korga mi, bruka opp restegarn og rydda i garnlageret mitt. Det har faktisk minka litt, med litt meiner eg ikkje noko merkbart men at eg veit at det har minka. Brukt opp eit nøste, kjøpt ti nye. Slikt blir det garnlager av!

Denne vinteren har eg hatt heilt dilla på oker, synes bare fargen er så fin og spesiell. Ein farge som overraskande mange kler, og som passar godt inn i den årstida me snart skal inn i nå, nemleg hausten. Å få fram fargane på bileta var ikkje så lett. Eg har derfor justert fargane noko, men vil legge til at fargane er litt ljosare enn på bileta.

IMG_8693.JPG

Her er Andrine-sommerkjole med okergul merino frå Sandnes garn. Denne strikke eg og ferdigstilte på 2-3 veker (slappe veker). Den er så moro å strikke og veldig enkel men ser avansert ut. Herlig strikk på passe tjukke pinnar, garnet glir lett, så dette er eit perfekt sommarprosjekt.

Eg synes kvit inntil oker er den beste fargekombinasjonen. Eg ser at mange blandar med duse fargar, lys rosa, blå eller lilla. Eg synes då at fargen ikkje kjem til sin rett, og den vil dermed sjå “skitten” ut. Dessutan synes eg mønsteret kjem meir fram om ein vel kvit i staden for rar fargemiks. Dette er bare meint som eit velmeinande råd.

IMG_8697.JPG

Her er min store stoltheit, nemlig yndlingskofta frå kofteboken 2. Eg er så glad i dette bladliknande mønsteret i uendelige variasjonar. Denne er vanskeleg å strikke, eg måtte ha godt ljos og telle masse – men den er så verdt det! Garnet er alpakkaull frå Sandnes garn, eit godt og varmt garn. Ei jakke som eg brukar mykje når det er skikkelig bikkjekaldt ute.

IMG_8696.JPG
Dette er min absolutte favorittgenser. Den er lett, feminin og akkurat passe tynn. Eg har bruka den i sommar på dei kaldaste dagane, den er så god å ha på seg. Strikka i garnet sterk av du store alpakka, som har blitt eit av mine favorittgarn. Denne er så fin at eg kan bruke den til alt, likar den veldig godt. Fargen er og nydelig frisk og passe gul.
13819596_10153577882070836_1718193178_n
Det var ein liten oppdatering frå strikkehaugen min, ein ana oppdatering er at eg har fått ring på fingeren. No blir det bryllaup!

Granskuddsirup

God morgon!
I fjor på denne tida var eg heilt imot å ta over garden, det kom ikkje på tale. Eg skulle bu i bustadfelt, ha asfaltveg og gjerne kort veg til ein matbutikk. Det var det eg ynskte meg då, for det var den måten å bu på som eg kjente til. Eg elskar framleis bustadfelt, for det er så mykje liv, barnelatter og ein ser sjølvsagt fleire folk i løpet av ein dag. Det er fordelar og ulemper med begge måtane å bu på, det viktigaste er at ein trivast. Fordelen med å bu meir avsides er at ein har så mykje flott natur rett utanfor døra, alt er så tilgjengelig. Viss ein berre kikkar litt rundt seg så er naturen så rik og allsidig.

20160605_095337
Eg har blitt så glad i naturen etter kvart som eg har budd her, blir like entusiastisk kvar gong eg ser ei maurtuve eller vakre markblomar. Førre veke såg eg både hjort og elg som åt gras på sama jordet, som om det var det mest naturlige i heile verda. Ein får dyreliv og natur så tett innpå seg og eg synes det er så flott. 20160605_101218
Ein ana ting eg likar svært godt er å sanke av naturen, og gjerne kjenne på nye smakar. Eg kom over ein oppskrift på granskuddsirup, dette måtte eg prøve, så spennande. Eg tok med meg korga og reiste ut i skogen for å plukke granskudd. Eg hadde ikkje trudd det, men granskudd har ein fyldig og syrleg smak som er lett å venne seg til. Eg hadde aldri smaka det før, men blei positivt overraska over kor godt det faktisk er. Har laga kyllingmarinade av sirupen og bruka det på dessert. Spennande!

1 liter granskudd
1/2 liter vatn
6 dl sukker

Ha granskudd i ein kjele og hell over vatnet til det dekker granskudda. Kok opp og la det koke i 25 minuttar. Sil av granskuddkrafta. Mål opp og reikn 2 delar sukker og 3 delar væske. Tilsett sukker og kok opp på middels varme, til det tjuknar og byrjar å bli rosa. Ta vekk skum undervegs. Jo lengre du reduserer krafta, jo mørkare blir den.
La den kjøle seg ned før du har sirupen i reine glas og flasker.
DSC_2809
DSC_2816
Ha ein fin dag!

Loppis

13392982_10153470296010836_1929006566_n

Heisann. I går var eg på verdas koseligaste loppemarknad i Åsgrend. Ein idyllisk og koselig grend som ligg i Kvitseid kommune. Her er det ein utrulig fin gardsbutikk som er verdt eit besøk. I går på loppemarknaden var eg på utkikk etter noko til heimen, gjerne noko spesielt og litt slitt. Eg fant så mykje meir enn det eg hadde forventa å finne, til og med klede, som eg stort sett aldri kjøper bruka. Nå skal eg vise nokre av funna mine.

DSC_2791.JPGDSC_2781.JPGDSC_2793.JPGDSC_2784
Krakken tenkte eg å bruke som blomsterbord, er veldig usikker om eg skal måle den, men synes og at den er fin slik som den er. Litt skeiv når eg skrudde den heilt opp ser eg.
Rammene synes eg var råtøffe, tenkte ikkje å gjere noko med dei, men skal vise bilete når eg har hengt dei opp. Vasen kjøpte eg på Siloen, fin til vårblomster. Bøkane er litt ymse, kjøpte nokre diktsamlingar, nokre faktabøkar og denne vakre romanen som eg håpar heng saman til eg skal lese den. DSC_2800.JPG
Eg føler at eg gjorde nokre gode kjøp, synes det er utrulig fint med ein kombinasjon av bruka og nytt. Å gå på loppemarknad er ein kunst, eg må bestemme seg på førehand kva ein er på jakt etter og sjølvsagt vere tidlig ute.

Naturleg

 

Sjå her! Nå vil eg vise fram kva eg strikkar på for tida. Merkar at eg blir glad for lett og svalt garn i naturfargar. Akkurat nå held eg på med Catriona-jakke frå Sandnes garn, hefte 1606, Sommer barn. Oppskrift og garn vant eg på ein Instagram konkurranse, så det er kjempe morosamt!

DSC_2776 (2)

Eg har fleire ullgenserar og varme plagg som eg har lagt til side framfor lin, bomull og andre lette kvalitetar. Eg er klar for sommar og varme dagar, då blir det litt slik.
Det blir nok ein strikke-sondag i dag, på tide å legge føtene høgt og sette på ein fengande Tv-serie. Alle pratar jo om SKAM, kanskje eg får sette på det?🙂 DSC_2773 (2)

Ha ein fin sondag, om du strikkar eller ei!

Kjøkkenkroken

DSC_2771.JPGMin bestemor sat alltid på kjøkenet store delar av dagen. Sette på poteter, hørte på radio, løyste kryssord og venta på at kaffien i koppen skulle bli kald. Ein liten korg med kulepennar, tran og augedropar sto jamt på bordet. Det var og ei spesiell lukt på kjøkenet, litt innestengt og ein blanding mellom sjampo med blomsterlukt og mogleg matvarer som hadde gått ut på dato. Det er noko nostalgisk ved å sitte på kjøkenet, her i det gamle huset..
DSC_2752.JPGDSC_2764.JPGDSC_2745.JPG

Mai, du skjønne milde

DSC_2736

DSC_2740

13064662_10153504484251791_1537244969008662551_o.jpg

DSC_2738

Eg legg ved nokre bilete frå 17.Mai feiringa vår. Ein fin 17.Mai feiring med gode venner og masse utskeiingar. Det blei enkel servering med rullekake, is og kaffi. Rullekake har eg faktisk ikkje laga sidan fagprøva mi, då fekk eg kritikk på at den ikkje var så fin og rund som den burde ha vore. Den blei ikkje rund denne gongen heller, men det blei ikkje så gale likevel håpar eg. Håpar alle hadde ein fin feiring!

Hjarte-krans

DSC_2730.JPG

Lauvet har nettopp sprette her me bur. Det ljosegrøne lauvet viser seg frå sin beste side.
Både naivt og vakkert på sama tid, som om det alltid vil koma solskinsdagar.
Draumen frå i fjor er eit fjernt minne og treet vil bli verdsett igjen. Det er tid for å vise seg fram for våren!

DSC_2722.JPG
Har du lyst til å lage ein krans sjølv er det veldig enkelt. Du treng berre ein tjukk ståltråd som du formar til eit hjarte, ein tynn ståltråd og bjørkeris. Ei tang, hyssing og eventuelt dekorasjon om band eller ana pynt kan vera greitt.

DSC_2715.JPG
Legg bjørka rundt den tjukke ståltråden og surr rundt ståltråd, dander og ordne slik at det blir slik som du vil ha kransen. Fyldig eller tynn som eg har laga.

DSC_2734.JPG
Perfeksjon er ikkje eit omgrep eg kjenner meg att i, synes det er mykje finare når ein ser at noko er heimelaga og kanskje har litt feil og manglar. Eg er nok litt rar slik, men det blir bare enda meir interessant når det ikkje er perfekt.
Ha ein fin dag!

Vakker vårdag

Nye blader i posten, fri på ein fredag og solskin gjer denne dagen ganske så bra. Nå som eg har heldt på å sådd så har eg funnet ut at eg har gjort nokre nybyrjar-feil. Eg har sådd frøa altfor tett, så noko har eg klart å fordele i nye avispapir-potter, mens noko ana må eg prikle som det så fint heiter. Eg er fryktelig spent på om det i det heile tatt blir noko i minikjøkenhagen min, – eg får bare prikle og ordne på så best eg kan.

DSC_2561.JPGDSC_2568.JPGDSC_2564.JPG

Ha ein fin vårdag!

Såtid

Våren er jammen meg ein uføreseieleg tid, i går var det heilt kvitt mens i dag er det sol og ikkje langt i frå å vera bart. Eg ser at krokusane er på veg opp frå blomsterbedet og graset byrjar å bli grønt. Ei herlig tid som ein berre må nyte ved ledige stunder.
DSC_2530
Eg har nokre hageplaner for denne sumaren, ikkje dei aller største på grunn av at me skal ta over garden og vil derfor ha nok å jobbe med framover. Men litt vil eg få til uansett, ein må jo uansett starte i det små. Eg skal planlegge min framtidige hage i grove trekk og stelle med hagen her me bur nå. Eg skal for det meste så i krukker og plante ut nokre laukblomar. Eg skal prøve å lære hunden i huset at han ikkje må la seg freiste til å herje med ein syrinbusk eller leike opp i bedet, før eg investerer i planter og buskar.

Fleire av inne-plantene mine har fått gjennomgått av dei firbeinte ovanfor, så tilvenning av å omgås planter og buskar utan å bruke dei som leike er heilt nødvendig før eg kan starte med heilt dei store prosjekta. I glaskarmen veks det litt av kvart, herlig å sjå at eg får det til. Veldig moro, sjølv om det sikkert er idiotsikkert.

DSC_2527