Dåpskake
Heisann!
I helga baka eg ei dåpskake til ei lita prinsesse.
På forhånd prøva eg og lage ei plan på korleis den skulle sjå ut, men eg
klarte ikkje heilt og bestemme meg. Det ferdige resultatet blir alltid
så “tilfeldig”, eg lagar masse pynt også får eg idear undervegs.
Eg har kjøpt meg litt nytt kakeutstyr som eg er veldig fornøgd med, og
har fått tak i skikkelig marspian. Tidligare har eg kjøpt marsipan på butikken,
den er heilt ok, men det er kjedelig sidan marsipanen er gulaktig, derfor blir
fargane “skittene”, noko som eg ikkje synes er så fint. Eg har kjøpt min marsipan
på cacas, den er frå Pals og er heilt kvit, utrulig fornøgd med denne.
Eg hentar inspirasjon frå andre bloggar, weheartit og kokebøkar,
det er helst ein blogg som inspirerar meg veldig og det er Charls.no.



