Vaniljehjarte

Kategori: Gjærdeig

Superbrød

Hei!
Sidan sist har det skjedd mykje spennande,
eg har flytta ut av jenterommet og inn i ein utrulig
fin hybel, eg har starta på førskulelærar og kjøpt
meg gitar. Nå ser eg fram mot ein haust med mykje strikking,
trening og ikkje minst lesing. Dette blir heilt topp! ♥

Sist veke baka eg eltefritt brød som i tillegg skulle heve over
natta, så godt og enkelt. Eg tilsatte chiafrø, som er supersunt
samtidig som det gjer brødet saftig og godt.

Bak på pakka stend det følgande:
8x meir Omega-3 enn laks
6x meir kalsium enn heilmjølk
15x meir magnesium enn brokkoli
30% meir antioksidanter enn blåbær
50% meir folat enn asparges
3x meir jern enn spinat
25% meir kostfiber enn linfrø

Eg er egentlig ikkje så nøye med oppskrift til brød, det er stort sett
ein heil del slump, men her er i hvert fall ei utprøvd opskrift som gjev
ein sunt og godt brød.

Nydelig gulrotbrød

Hei.
I dag blei det eit nydelig gulrotbrød.. mmm..

Ingrediensar:
500 gram kveitemjøl
200 gram fullkorn kveitemjøl
500 gram sammalt kveite fin
500 gram sammalt kveite grov
3 gulrøtter, raspa
8 dl lunka vatn
2 pakker tørrgjær
4 ss olje
1 1/2 ts salt
1 ts sukker

Rør ut gjæren i lunka vatn, tilsett olje, sukker, salt og gulrot.

Tilsett mjøl og elt til ein smidig deig.

Dekk bakebollen med klingfilm, og la den heve i cirka 45 minuttar.

Form 3 brød, steik på 180 grader i cirka 40 minuttar.

Avkjøl på rist.

Brioche med appelsinsmak

Brioche er eit herlig, fransk bakverk som er verdt og vente på.
Eg tok desse med på jentekveld og dei blei godt mottatt.
Brioche er eit smakfullt bakverk med ein frisk smak av appelsin.

Ingrediensar:
1 dl lunka vatn
50 gram gjær
2 ts sukker
1/2 dl mjølk
3 egg
7-8 dl kveitemjøl
1 dl sukker
150 gram smør
2 ss revet appelsin

Bland gjær og 2 ts sukker  i lunka vatn, la det stå i nokon minuttar.

Tilsett mjølk og egg, bland det saman med ein eltekrok.
Ha i mjøl, appelsinskall og resten av sukkeret og tilslutt smøret.
Bland saman til ei jevn og klumfri deig.

Deigen er passe når den slepp bollen, ha i meir mjøl om nødvendig.

Pensle ein bakebolle med rapsolje, og la deigen heve i ein time.

Bruk vanlig muffinsbrett, eller briocheformer. Pensle med egg. La dei etterheve
ein time.

Eg lagde også mini brioche, dei blei veldig søte.

Steikas på 180 grader, 18 minuttar på dei minste og 30 minuttar på dei største.

Etter å smaka på desse herlighetane, fekk eg utrulig lyst å seta meg på fyrste
fly til Paris. ♥

4-korns kveitebrød

I dag baka eg eit godt brød som inneheld heile korn, kjernar og frø.
Eg fant brødet på trinesmatblogg som er ein blogg med mykje og variert
innhald. Oppskrifta delas inn i to trinn, fyrst skal korn, kjernar og frø blautleggjast,
dette gjer dei seige, slik at det binder seg bedre i deigen.
Her er oppskriften på 4-korns kveitebrød.

Trinn 1
150 gram heilkorn kveite
100 gram solsikkekjernar
75 gram linfrø
74 gram sesamfrø
4,5 dl kokande vatn

Trinn 2
cirka 850 gram kveitemjøl
250 gram sammalt kveite, grov
6,5 dl lunka vatn
1 pose tørrgjær
1 ts salt

Bland saman ingrediensane i trinn 1, og la stå i romtemperatur i minst to timar eller over natta.

Tilsett resten av ingrediensane, men hald igjen litt av mjølet.
Kjøyr deigen i kjøkkenmaskin på låg hastighet i ti minuttar.
Spe med resten av mjølet til passe konsistens.

Dekk til deigen med klingfilm og la den heve til dobbel størrelse.
Form tre brød som du legg i smurt brødform, pensle med vatn og strø over
dei kornsortene du har i brødet. La brøda etterheve til dei har fått dobbel
størrelse.

Steikas på 180 grader i 30 – 40 minutter, avkjøles på rist.

Hjarte-rundstykker


På fredag var eg på fagbrevutdeling, då fekk eg denne fine blomsterbuketten
av mammaen til bestevennina mi.♡ utrulig fin!

Denne gongen har eg laga veldig grove hjarte-rundstykker. Eg stakk
ut hjarta med ein pepperkakeform, det blir kjempe lekkert!

Ingredienser:
7 dl vatn
450 gram kveitemjøl
200 gram grov kveite
100 gram havrekli
200 gram sikta rug
300 gram solsikkekjerner
2 ts salt
25 gram gjær

Veg opp alle ingrediensane. Vatnet skal vera lunkent.

Bland saman alle ingrediensane. Bruk kjøkkenmaskin og kjøyr deigen på
låg hastighet i tre minuttar. Øk deretter hastigheten i seks minuttar.

La deigen heve under klingfilm i cirka 1, 5 time.

Trill rundstykker eller stikk ut hjarte.
Pensle med mjølk og strø over nokre solsikkekjerner.

La dei heve til dobbelt størrelse.

Steik midt i omnen på 180 grader i 15 – 25 minuttar. Avkjølas på rist.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.