Vaniljehjarte

Kategori: Cookies

Soft sugar cookies

Gratulerer så mykje med dagen alle sammen!
I dag kan eg friste med sugar cookies, som er silkemjuke, delikate
kjeks som er fine å dekorere på!

Kjeks:
230 gram smør
150 gram sukker
2 Egg
2 dl rømme
4 ts bakepulver
1/2 ts natron
ei klype salt
450 gram kveitemjøl
1 ts vaniljesukker

Kjør saman sukker og smør til ei luftig masse. Tilsett egg og rømme og
bland det godt saman. Ha i resten av det tørre, pakk deigen i plastfolie og
sett den i kjøleskapet i ein time.

Kjevle deigen ut på eit mjøldryssa bord, stikk ut deigen med ønska former.
Steik på 180 grader i 10 minuttar

Pynt med fondant og royale icing.

Ha  ei flott 17.Mai fering alle saman !

Fingerkjeks

Oppskrift på fingerkjeks (ladyfingers):

3 Egg
60 gram sukker
2 ts ekte vaniljesukker
80 gram mjøl
Ei klype salt
1 ss maisenna
Melis

Forvarm omnen på 200 grader. Skill eggeplommene frå kvita.

Visp kvitene til dei skummar, tilsett halvparten av sukkeret. Visp til det
blir marengs.

Bland saman eggeplommene, resten av sukkeret og vaniljesukkeret i ein bolle.
Vend inn marengsen.

Sikt inn maisenna, mjølet og saltet. Og Vend også inn dette, utan å miste for mykje luft
i røra.

Sprøyt ut ca 6 – 7 cm på eit bakepapir. steik i 10 – 12 minuttar.

Avkjøles på brett.

Fingerkjeks er kjempe fine og bruke på kake, eg skjærte mine i passande størrelsar og
festa dei på ei, brownie, bringebærkake.

Mjuke sjokolade chip cookies

Hei  !
Då veslesyster spurte så fint om eg kunne lage favoritt
cookiesene hennes var eg ikkje vanskelig å be.
Dei er mjuke, smakfulle og passar perfekt saman med eit
glas mjølk. Denne oppskriften har eg laga mange gonger, og
blir alltid like vellykka!

Ingredienser:
500 gram mjøl
1 ts natron 
1/2 ts salt
226 gram mjukt smør
225 gram kvitt sukker
225 gram mørkt sukker
2 ss lys sirup
3 egg
2 ts vaniljesukker
340 gram hakka sjokolade

Veg opp ingrediensane og sett omnen på 175 grader.

Miks saman smør, sukker og sirup.

Ha i eitt og eitt egg, miks dette godt saman.
Tilsett alt det tørre, og vend inn sjokoladen.

Trill kuler i passande størrelse, ha god avstand på steikebrettet.

Steik i 15 – 18 minuttar. Avkjølas på rist.

Whoopie Pies

Hei.
I dag har eg baka Whoopie Pies, som er  ei oppskrift som eg har henta
frå boka “Love Manuela“. Kjeksene er mjuke, delikate og veldig gode.

Oppskrift på Manuela sine Chocolate Whoopie Pies:
35 gram kakaopulver
300 gram kveitemjøl
2 ss sjokoladepuddingpulver
1 ts bakepulver
1 ts natron
ei klype salt
100 gram usalta smør
175 gram mørkt muscovadosukker
1 egg
2 ts vaniljesukker
1 1/4 dl fløte

Forvarm ovnen til 180 grader.

Veg opp alle dei tørre ingrediensene i ein bolle. Visp saman smør, sukker og
egg i ein ana bolle. Tilsett alt det tørre og rør inn fløte til slutt.

Trill kuler i passande størrelse, steik i 10 – 15 minuttar. Avkjøl.

Fyll med kvit sjokoladeglasur, som du finn på passionforbaking, her.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.